onsdag 23. mars 2011

Sminkepungar


Har sydd 2 stk. sminkepungar på bestilling.



Ein gul, med fôr i dongeri





Og ein lys, med mønster, og fôr i blått retrostoff.




Mønster:
Eige

Materiale:
Litt nytt og litt retro

Pris:
kr 150,- per stk. (solgt)

søndag 20. mars 2011

Ris og lavendel...


Ei god venninne hadde nettopp ein sånn stooor bursdag ;-) Så då fekk ho ein rispose, nokre lavendelposar (og så litt god sjokolade, men den var ikkje heimelaga ;-) )



fredag 18. mars 2011

5000 besøkande!


oj, oj, oj, no har eg visst passert 5000 besøkande, og vil minne om give-awayen min ;-) Trekning 30.mars, så det er berre å slenge seg med :-)

(trykk på her for å komme til give-awayen..)

torsdag 17. mars 2011

Stripe-elefant!


Eg har hekla ein elefant! Tok litt tid å hekle den, og så vart den liggande veldig lenge (var jo så mykje montering...) Men no er den i alle fall ferdig :-) Fyllt med ull, og så er det ein sånn rangle-dings inni, så den lagar litt lyd. Er Magnus som har fått den her, og han virka i alle fall fornøgd ;-)



Mønster:
Stoff & Stil

Materiale:
Restegarn
ull



onsdag 16. mars 2011

Sminkepung

Har sydd 1 stk sminkepung.



Mønster:
eige

Materiale:
blomstra retrostoff
fôr: dongeri
glidelås

Pris:
150,- (solgt)


Fekk ikkje fargen heilt til på bilda, den er ganske knall oransje, og mest lik på det bildet her...

søndag 13. mars 2011

give-away

Har lenge tenkt å ha ein give-away... Og no nærmar eg meg 5000 besøkande her på bloggen, og det kan jo vere ein passeleg anledning :-) Trekning blir 30.mars (satsar på å ha nådd målet til då ;-))

Du kan vinne ein legopose, ca. 110 cm i diameter. Valgfri farge på skråband, og med marineblå eller raud snor.

eitt lodd for å legge igjen ein kommentar på det innlegget her
eitt lodd for å bli følgar av bloggen (gjeld og om du er følgar frå før)
eitt lodd for å lenke til bloggen min på eigen blogg (bruk bildet over)
eitt lodd for å lenke til bloggen min på facebook (bruk bildet over)

Du kan altså få totalt 4 lodd... så legg igjen ein kommentar med kor mange lodd du tar :-)

lørdag 12. mars 2011

Rispose


Har gitt vekk ein rispose i bursdagspresang.







Materiale:
Lyseblå halvpanama
Kvit lin
Litt band til pynt
Størrelse:
Ca. 60 x 15 cm

fredag 11. mars 2011

Lavendelposar



I dag har eg sydd meg nokre lavendelposar, som eg tenkte skulle ligge i skuffer og skap i lag med kleda våre og lukte godt :-)



Materiale:
Stoffrestar
Tørka lavendel

Størrelse:
Ca. 8 x 8 cm

Karneval!

Her er 2 stk klar for karneval i barnehagen. Har vist fram kostyma før, men her er dei heilt klare for karneval :-) Trur dei gleda seg veldig!

onsdag 9. mars 2011

Snart karneval...

På fredag skal det vere karneval i barnehagen. Og Andreas skal få vere skjelett... Han ville vere noko skummelt, og eg er ikkje begeistra for sånne ferdigkjøpte superheltkostymer og sånn.. I foreldre & barn kom eg over den i idèen her. Svart t-skjorte og svart tights, og tekstilmaling. Veldig enkelt, men ikkje heilt anatomisk korrekt då ;-) men ser no kva det skal vere :-) Får legge ut action-bilder seinare

tirsdag 8. mars 2011

forkle x 3


Har fått betsilling på 3 stk forkle til barn. Eit skulle vere rosa, så håpar det her vart rosa nok ;-)
Har tatt utgangspunkt i ei brikke frå Princess, som eg har klipt til, kanta med skråband, og så har det fått ei rosa hjertelomme.


Skulle vere 2 stk i gutefargar og. Dei her er sydd av kjøkkenhanddukar frå Åhlèns, eit har fått blått skråband, og eit har fått grønt. Og så har dei fått runde lommer.



mandag 7. mars 2011

Forkle til Nora :-)

Nora ville og ha eit forkle, så då måtte ho få seg det.. Og det skulle vere roosa.. Vart litt rosa på det i alle fall. Og Nora var fornøgd :-)

Rosa hjertelomme...

Blondekant oppe og nede.

Materiale:
Brikke frå Princess
Lyserosa lin, rest
Skråband, rest

Mønster:
Eige

lørdag 5. mars 2011

Dongeribukse til Andreas

Det her har eg hatt planar om å gjere lenge... og endeleg har eg fått gjort det :-) Andreas har fått seg ny dongeribukse.. Med lommer både framme og bak. Ribblinning og ribb nede. Andreas var godt fornøgd :-)


Baklommer med trykknapp.

Saumane på kneet.

Mønster:
Frå Ottobre design, med litt småforandringar.

Materiale:
Dongeri (Stoff & Stil)
Ribb (Stoff & Stil)
Trykknappar (Stoff & Stil)

Størrelse:
Ca. 122

mandag 28. februar 2011

Rispose og belgisk vaffel :-)

Fekk besøk i helga av ei med ein vond rygg... Så då sydde eg ein rispose i full fart, vart berre ferdig med innertrekket, men gjekk jo an å bruke fordi. Så i dag har eg sydd den heilt ferdig :-)

Sydd i lyseblå lin frå stoff & stil, og så har eg sydd på eit band til å knyte den saman med.

Heile risposen, måler ca. 15 x 60 cm, akkurat passeleg til å legge over nakken.

Og akkurat no set eg med ein god og varm rispose på nakken, og kosar meg med ein belgisk vaffel, som eg fann oppskrift på her. Utruleg mange gode og fristande oppskrifter på passionforbaking.com (bildet er lånt derifrå).



søndag 27. februar 2011

Andreas sitt forkle :-)

Eg og Andreas har sydd forkle. Han har fått velge fargar og fasong sjølv :-) Sjølve forkleet er ein kjøkkenhandduk frå Åhlens, så klippte vi av 2 hjørner og sydde på skråband. Og så måtte vi ha ei lomme på, Andreas ville ha ei rund lomme, så då vart det det.. (han teikna rundt ein middagstallerken). Og så sydde vi i lag, eg styrte stoffet og han styrte pedalen...Nora fekk prøve litt ho og :-) Gjekk veldig bra :-) Så no må vi bake... og Nora vil og ha forkle...


onsdag 23. februar 2011

Sofaputer :-)

Endeleg har eg sydd meg puter til sofaen! Har hatt planar om å gjere det lenge... Synst dei passa godt no som det snart er vår :-)

Sydd av diverse stoffrestar, begge putene er 40 x 40 cm (var det eg hadde liggande..)


Baksida, med konvoluttlukking, enkelt og greit..

mandag 21. februar 2011

Marihøne

Det nærmar seg karneval i barnehagen... og etter ein tur på stoff & stil, der eg fann dette prikkete stoffet, måtte jo Nora berre vere marihøne.. Piperenserar og ein hårbøyle vart til finfine følehorn ;-)


Magnus får og prøve..

Heile kjolen, heilt enkel, men fora, og det var ikkje fullt så enkelt... men fekk det no til til slutt!

Trykknappar på skuldrane.

Mønster:
Spencerkjole frå boka "barn igjen"

Materiale:
bomull med store prikkar, frå stoff & stil

Størrelse:
98

fredag 18. februar 2011

Smikke


Magnus har fått seg smikke :-) Lyse og fine vår-fargar :-)


Materiale:
2 forskjellige voksdukar frå stoff & stil
litt skråband

Mønster:
Eige