søndag 28. mars 2010

Pingvinbukse

Andreas har fått seg bukse i brun cordfløyel. Pingvinstoff øverst og nederst på beina.

fredag 26. mars 2010

Grøne øyredobbar

Har laga meg eit par øyredobbar til :-)

torsdag 25. mars 2010

Kle til dukka

Endeleg har dukka fått litt kle. Dette prosjektet har tatt litt tid...er kanskje fordi eg ikkje synst fargane var så fine. men greit å få brukt opp litt stoffrestar...
Bleie måtte dukka ha og...
sånn har dukka sett ut alt for lenge. men virkar som Nora synst det er greit med dukke utan klede, så er ikkje sikkert kleda får vere på så lenge...

tirsdag 23. mars 2010

Øyredobbar

Heilt heimelaga øyredobbar :-) Laga av knappar som eg har trekt sjølv, og så har eg limt på sånn øyredobb-ting som eg fekk tak i på panduro.

mandag 22. mars 2010

Legoposar

Har sydd 2 stk legoposar på bestilling. Den største på ca. 150 cm i diameter og den minste er vel litt over ein meter i diameter. Sydd i dongeri og kanta med skråband.

søndag 21. mars 2010

Ein til sminkepung :-)

Har sydd ein sminkepung til. Denne er i lyseblå- og kvitstripete bomull, pynta med eit par band.

tirsdag 9. mars 2010

Sminkepungar

Har endeleg fått sydd litt igjen :-) Har sydd 2 sminkepungar etter "Tilda"-mønster. Litt grov bomull utanpå og tynnare bomull inni. Dei er og fora med litt vatt, så dei blir litt stivare (har fulgt oppskrifta....) Ein ypperleg måte å få brukt opp litt stoffrestar :-)

lørdag 30. januar 2010

Puff

Eg har strikka ein puff! 3 dobbel eskimo, 9 nøster i perlestrikk. Det gjekk fort! Den er fylt med ein haug med gamle klede som skulle vore kasta, så vart litt gjenbruk der ;-) Oppskrifta fann eg på Pickles, ei utruleg kjekk side med masse kjekke ting ein enkelt kan lage sjølv :-) Og dei har mange forskjellige puffar, så trur eg må prøve meg på ein til...
Her er det Andreas som prøver den ut. Ganske så passeleg barnestørrelse :-)

Kjole til Nora

Fekk omsider sydd ein kjole til Nora. Har brukt 2 retro dynetrekk, har brukt dei før til diverse, så kanskje på tide å finne på nokre nye kombinasjonar ;-) Kjolen er i alle fall i str.92-98, og den er fora.

Nora fekk velge pynt på sjølv, og då ville ho ha den raude soppen. Strykemerke frå Stoff & Stil. Bandet som går rundt kjolen mellom det gule og det grøne stoffet, er eit band eg spretta av ein gammal kjole.
Har trekt knappar sjølv i det grøne stoffet. Var faktisk veldig enkelt! :-)
Nederst sydde eg ein pyntekant med maskina, synst det vart ganske fint.

fredag 15. januar 2010

Oppdatering av prisar...

Har oppdatert prisane litt, ein del som har spurt etter prisar på vottar og risposar. Dåke finn prisane i margen til høgre...

onsdag 13. januar 2010

Legopose

Legopose sydd på bestilling. Sydd av svart dongeri, kanta med turkis skråband, maljer og svart snor.

PC-trekk

PC-trekk sydd på bestilling. Sydd av eit grønt og eit gult retrodynetrekk. Er vendbart. Håpar det passar, eller så får eg berre sy eit nytt...

Hue og skjerf til Nora

Fekk strikka eit sett til Nora når eg var ferdig med alle julegåvene. Strikka i dobbelt garn, oppskrift frå nøstebarn. Pynta med ein liten hekla blomst. Var ei som synst ho vart fin i alle fall :-) og det synst eg og :-)


tirsdag 29. desember 2009

Litt småplukk...

Ungane har mala vattkuler, og så er dei rulla i glitter etterpå. Har tatt ut pinnane og festa band i dei. Så har dei gitt i julegåver, fine på juletreet, eller i lampen vår som på bildet under...
Pynting av peparkakehus :-)

Julegåve - PC-trekk

1 stk pc-trekk. Er sydd etter mål, men den som er inni på bildet er litt mindre enn den som eigentleg skal vere inni, så det ser litt romsleg ut. Eige mønster.

Julegåver - Ullsokkar

2 par ullsokkar i selbumønster. Strikka i motsatte fargar. Strikka 2 par i grått og, men rakk visst ikkje å ta bilde av dei før dei vart pakka inn...

Herresokk og liiiten damesokk...

Julegåver - Gryteklutar

Sett med ein gryteklut og ein vott. Tegna mønsteret sjølv, synst dei blei ganske ok...

Julegåver - Risposar

Sydde nokre risposar og ga vekk til jul. Er fylt med vanleg jasminris, og varmast i mikroen i nokre minutt, og så er dei gode og varme og legge på t.d. nakken :-) Sydde 4 stk, men gjekk litt fort med julegåvene, så eg gløymde å ta bilde av 1...

Votte-julegåver

Blei totalt 7 par vottar i ullfilt. Gode og varme trur eg (har ikkje prøvd dei ute sjølv...) Sydd etter "Tilda"-mønster


fredag 11. desember 2009

Vottar

Eg har sydd litt i det siste, sjølv om det ikkje ser sånn ut her...men kan jo ikkje legge ut bilder av julegåver før dei som skal ha dei har fått gåvene...
Men her er i alle fall eit par vottar eg sydde til julekalenderen på jobb. Er sydd etter "Tilda"-mønster, og er i ullfilt. Varme og gode :-)